Riksteateret - Tollak til Ingeborg

Av: 
Tore Renberg
Neste forestilling
Kommer
Varighet
105 min

«Det er eit uhyre sterkt portrett og eit intenst familiedrama» NRK

Dei kallar han Tollak til Ingeborg. Alle veit om den gamle stabukken som bur oppe ved sagplassen. Alle veit at ungane hans ikkje kjem heim så ofte. Alle veit han tok til seg han dei kalla Oddotosken. Og alle hugsar den gode kona hans. Men det er noko folk ikkje veit.

Det er på tide å fortelje.

Lesaraane og kritikarane vart vilt begeistra då Tollak til Ingeborg av Tore Renberg kom i 2020. Historia om stabeisen Tollak rører folk over heile landet med 70.000 selde eksemplar av romanen. No kjem sceneversjonen, dramatisert av forfattaren sjølv. Fem skodespelarar står på scena i dette intense familiedramaet om kjærleik og blodsband, om vald og avmakt, og om forskjellen mellom alen furu og billeg gran.

Sagt om boka:

«Intet mindre enn en drivende god og ubehagelig litterær thriller.» VG
«Noe av det beste Tore Renberg har skrevet» Aftenposten
«Det er eit uhyre sterkt portrett og eit intenst familiedrama.» NRK
«Et mannsportrett, en tragisk familiehistorie, en kulturkritikk, en vakker bok om kjærligheten.» Nettavisen
 «Blir sikkert ståande som ein av dei store i Tore Renbergs forfattarskap.» Bok 365

Regien for sceneversjonen er ved Miriam Prestøy Lie, som har markert seg med ei rekke kritikarroste framsyningar. Dette vert det fjerde samarbeidet hennar med bergenskomponisten Selma Stang, som har gjort suksess med sitt samarbeid med Aurora.

Forestillingslengde: 1 time 45 minutter (ingen pause).

På scenen

Andrine Sæter
Kyrre Eikås Ottersen
Malene Wadel
Harald Nødtvedt

Produksjon

Dramatiker: Tore Renberg
Regissør: Miriam Prestøy Lie
Scenograf og kostymedesigner: Milja Salovaara
Lysdesigner: Martin Myrvold
Komponist og lyddesigner: Selma Frida Stang
Dramaturg: Cecilie Grydeland Lundsholt
Produsent: Silje Vigerust Vinjar